Av Magne Kaldhusdal
Denys Kazanskyi og Maryna Vorotyntseva: How Ukraine lost Donbas (2020, engelsk utgave 2024) Kyiv: LLC ‘Chorna HoranPublishing House’, 342 sider.

Denne boka rettar eit kritisk søkelys på politikken til dei sentrale styresmaktene i det sjølvstendige Ukraina. Ei årsak til dette er kanskje at forfattarane har ein bakgrunn med oppvekst og journalistisk arbeid i Donbas fram til 2014, ein bakgrunn som er nyttig for å forstå utviklinga i denne regionen.
Boka er bygd opp av seks delar og fire frittståande kapittel. Dei frittståande kapitla (‘Prologue’, ‘Turning point’, ‘Russian factor’ og sluttkapittelet ‘Epilogue’) gir ei analyserande oversikt som med fordel kan lesast først, dersom ein ikkje kjenner Donbas og ukrainsk historie godt frå før. Forfattarane har som mål å finne ut korleis krigen i Donbas kunne ha vorte hindra. Svar på dette spørsmålet får vi i det siste kapittelet, der dei hevdar at samfunnsstrukturen i Ukraina har bidratt vesentleg til Ukrainas tap av Donbas til Russland. Leonid Kuchma, den andre presidenten etter at landet vart sjølvstendig, blir sett på som arkitekten bak det politiske systemet i det sjølvstendige Ukraina.
Sentrale element i dette post-sovjetiske systemet er at ressursane i stor grad er kontrollerte av oligarkar, at regionane liknar på føydale gods, og at samfunnet blir styrt ved hjelp av uformelle avtaler og maktbruk heller enn ved hjelp av lover.
Dette systemet står ekstra sterkt i det austlege og sørlege Ukraina, der politisk-føydale klanar vart danna, og styrka seg og fekk legitimitet deiførste 14 åra etter 1991. Korrupsjon og kriminalitet er sentrale trekk ved systemet, eit system som etter forfattarane si meining framleis dominerer Ukraina. Ei nødvendigsystemendring inneber blant anna at dei regionale klanane må erstattast av ein ny type politisk elite, og at dei gamle fabrikkane og gruvene må erstattast av mindre bedrifter som kan gi økonomisk vekst.
Da Kuchma-systemet vart utfordra av demokratiske grasrotkrefter under Oransjerevolusjonen og Maidanopprøret, stod desse kreftene svakt i Donbas. Dei politisk-føydale klanane og Regionpartiet i Luhansk og Donetsk hadde stor oppslutning, og brukte separatisme som pressmiddel mot dei sentrale styresmaktene i sin kamp for systemet. Den russiske faktoren var ein konstant del av bildet, men endra karakter over tid. I starten handla det om organisasjonar for formell og uformell kontakt mellom styresmakter, forretningsfolk og kulturelle organisasjonar i Russland og Donbas. Etter Oransjerevolusjonen i 2005 vart oppkjøp av ukrainske politikarar eit sentralt verktøy, samtidig som den regionale eliten i Donbas arrangerte konferansar med sentrale russiske politikarar. Der diskuterte ein blant anna føderalisering av den ukrainske staten, med sikte på å auke dei indre spenningane i Ukraina.
Etter Maidan i 2014 endra Russland strategi. Målet vart å få den ukrainske befolkninga til å gripe til våpen mot regionale representantar for sentrale styresmakter. Dette viste seg vanskeleg, også i Donbas. Dei fleste var imot at separatistar okkuperte offentlege bygningar, for ikkje å snakke om væpna aksjonar for å ta kontroll over territorium. Det vart nødvendig for Russland å sende inn militære grupper for å få kampane i gang.
Samtidig ønskte Russland å unngå eit inntrykk av at krigen var ein russisk invasjon. I starten sendte dei derfor berre inn nok styrkar til å halde kamphandlingane i gang og gradvis bli meir omfattande. Håpet var at desse kampane skulle stimulere til væpna separatisme i andre regionar, utan at dette lykkast. Forfattarane meiner at dei sentrale styresmaktene i Ukraina svikta både før og under denne fasen. Dei militante separatistane hadde begrensa støtte i befolkninga, og kunne ha vorte stoppa av målretta innsats frå sentrale styresmakter.
Eg trur forfattarane har rett i at systemet med regionale herskande klanar er hovudårsaka til den tragiske utviklinga i Donbas. Ukraina hadde stått sterkare med eit meir demokratisk og økonomisk livskraftig Donbas. Forfattarane peikar med god grunn på den svake innsatsen frå sentrale ukrainske styresmakter på desse felta. Sentrale styresmakter representerte i praksis Kuchma-modellen fram til 2014, uavhengig av synet på forholdet til Russland.