Krym, demografien og Folkeretten

Denne posten baserer seg på to leserinnlegg publisert i Klassekampen, første uka i september, av Magne Kaldhusdal. Det er artikkelskribenten sjøl som har foretatt samredigeringa.

Først litt demografisk historie. Fram til og med 1850 utgjorde tatarane 78-88 % av befolkninga på Krym, mens russarar og ukrainarar utgjorde maks 7 %. Tatarane er eit tyrkisk-språkleg folkeslag som da, 67 år etter Russlands første okkupasjon og annektering, hadde dominert befolkninga i mange hundre år. Etter 1850 auka den russiske koloniseringa av Krym kraftig, og i 1939 var 50 % av innbyggarane russarar, 19 % tatarar og 14 % ukrainarar.

I mai 1944 vart alle tatarane deporterte frå Krym. I 1954 vart Krym ein del av Ukraina; Sovjet ønskte å markere 300-årsdagen for eit ukrainsk ønske om støtte i kampen mot Polen, som den gongen var den dominerande kolonimakta på ukrainsk territorium. Geografisk og administrativ logikk var nok også inne i bildet; Krym ligg rett sør for resten av austlege Ukraina, som er viktig for halvøyas tilgang til vatn. I perioden med ukrainsk kontroll var andelen russarar høgare enn noen gong før (60-70 %).

I 1989 fekk tatarane lov til å vende tilbake til Krym, og andelen auka til 13 %. Andelen russarar har auka etter annekteringa i 2014, andelen tatarar har vore konstant og andelen ukrainarar har gått ned.

Så litt om Folkeretten. Tre omgrep i Folkeretten er Statleg suverenitet, Nasjonalt likeverd med prinsipiell sjølvråderett og Rett til avkolonisering. Den statlege suvereniteten vernar små statar mot overgrep frå sterkare statar. Retten til nasjonalt likeverd vernar nasjonale minoritetar mot overgrep frå statar og folkegrupper. Retten til avkolonisering gir koloniserte folkeslag rett til å etablere sjølvstendige statar.

Korleis bruke Folkeretten på tilfellet Krym? Statleg suverenitet seier at Krym er ein del av Ukraina, basert på grenser som er internasjonalt anerkjente, også av Russland (inntil 2014). Nasjonalt likeverd tilseier at russarar, tatarar og ukrainarar skal behandlast likeverdig, men seier ingenting om dette skal sikrast innafor ein ukrainsk eller russisk stat, eller ved at Krym blir ein eigen stat. Men fordi Russland ikkje har sikra det nasjonale likeverdet til tatarane og ukrainarane, peikar denne retten på eit problem knytt til den russiske annekteringa. Krym har vore utsett for kolonisering, inkludert 45 års fordriving av ei heil folkegruppe. Bør retten til avkolonisering brukast i dette tilfellet?

Ei folkeavstemming basert på det fleirtalet av russarar som er eit resultat av koloniseringsprosessen, vil ikkje gi svar på desse spørsmåla. Ei folkeavstemming vil ikkje nødvendigvis sikre likeverdig behandling av folkegruppene på Krym. Er separate folkeavstemmingar for den russiske, tatariske og ukrainske delen av befolkninga aktuelt? Kva med dei som ikkje har vendt tilbake etter deportasjon, og dei som har flykta frå Krym etter okkupasjonen i 2014? Eit fornuftig tiltak kan vera å kople inn FN og folkerettsleg ekspertise som eit bidrag til avklaring av Krym sin status.

Det er dessverre slik at militær makt i praksis ofte veg tyngre enn Folkeretten. Men det er viktig å vera bevisst på at Folkeretten er på frammarsj i eit lengre tidsperspektiv. Den internasjonale straffedomstolen har sendt ut arrestordre på Putin, og påtalemakta til same domstol har bedd om arrestordre på Netanyahu.

Det krymtatariske flagget.