‘Internationalism or Russification?’ av Ivan Dzyuba. Ei klassisk bok som er høgst aktuell den dag i dag

Publisert på nettsida «Vi som støtter den nye venstresida i Ukraina, 3. juli 2026. Ei bokomtale av Magne Kaldhusdal.

Boka ‘Internationalism or Russification?’ av Ivan Dzyuba (Resistance Books, resistancebooks.org, info@resistancebooks.org) er eit imponerande forsvarsskrift for den ukrainske nasjonen. Dzyuba forsvarar ikkje berre den ukrainske nasjonens rett til å blomstre og utvikle seg, men er ein prinsipiell forsvarar av alle nasjonars rett til dette. Han meiner at nasjonal identitet, sjølvtillit og verdigheit er av avgjerande betydning for ei positiv utvikling av alle nasjonar. Han dokumenterer i detalj korleis Ukraina, som ein del av Sovjetunionen, vart hemma i si utvikling som nasjon på ulike sentrale samfunnsområde som økonomi, arbeidsliv, utdanning og kulturliv. Mekanismane bak denne utviklinga er eit sentralt tema i boka, som dermed også blir ei god kjelde for informasjon om korleis det sovjetiske samfunnet fungerte på den tida Dzyuba skreiv denne boka (1965).

Dzyuba kritiserer dei som konstruerer ei motsetning mellom forsvar av nasjonen og forsvar av eit internasjonalistisk perspektiv. Han peikar på at sovjetiske styresmakters bruk av internasjonalisme som argument mot forsvar av Ukrainas nasjonale interesser, er ulogisk. For Dzyuba er internasjonalisme og forsvar av nasjonen to sider av same sak. Etter hans syn står derimot russifisering av Ukraina i motsetning til sann internasjonalisme.

Boka hevdar at storrussisk sjåvinisme har vore den viktigaste ideologiske hindringa for ei progressiv utvikling av den ukrainske nasjonen og alle dei andre nasjonane (inkludert den russiske nasjonen) på territoriet til Det russiske imperiet og Sovjetunionen, frå andre halvdel av 1600-talet og fram til boka vart skriven. Den historiske arven frå Det russiske imperiet vart ført vidare i Sovjetunionen, trass i bruk av til dels ny retorikk.

Dzyuba gir oss ingen reell diskusjon av omgrepet nasjonalisme. Ein grunnleggande premiss i boka, som rettnok ikkje er formulert i klartekst, ser ut til å vera at all nasjonalisme er eit negativt fenomen. Dette er interessant, sett i lys av at storparten av boka er vigd til eit forsvar av den ukrainske nasjonens rett til å utvikle seg på sine eigne premissar, og eit gjennomgåande tema er den avgjerande betydninga av nasjonal identitet, sjølvtillit og verdigheit. Dzyuba peikar rettnok på at det finst fleire typar nasjonalisme, og skriv at ‘lokal nasjonalisme’ er eit resultat av stormaktssjåvinisme. Likevel meiner han tydelegvis at den ‘lokale’ nasjonalismen er noe anna enn den ideologien han så grundig og dyktig gjer greie for i sitt forsvarsskrift for den ukrainske nasjonen. Progressiv nasjonalisme er tydelegvis ein kategori som ligg utanfor Dzyubas horisont, iallfall i denne boka. Vi ser det same i den offentlege samtalen i dagens samfunn. Omgrepet ‘nasjonalisme’ blir oftast sett på som eit eintydig negativt fenomen.

Ein sentral og fleire hundre år gammal progressiv tradisjon for forsvar av nasjonen mot stormaktssjåvinisme, hegemonisme, kolonialisme og imperialisme blir dermed namnlaus. Denne progressive tradisjonen spenner frå ukrainske Taras Shevchenkos og norske Henrik Wergelands innsats for ein demokratisk nasjonal identitet på 1800-talet, via dei nasjonale motstandskampane mot tysk og amerikansk imperialisme og kampane for den palestinske nasjonen både på 1900-talet og 2000-talet, til den ukrainske motstanden mot russisk imperialisme i dag. Skal denne progressive tradisjonen vera utan namn fordi omgrepet nasjonalisme også har vore knytt til hegemoniske, fascistiske og imperialistiske stormakter, eller fordi organisasjonar som har slåst mot stormakter har gjort fæle ting i nasjonalismens namn? Kan vi ikkje godta at nasjonalismen kan spela ulike roller i samfunnet, på liknande vis som religionen? Skal vi avvise all sosialisme på grunn av Stalins overgrep i sosialismens namn?

Lenin er ein sentral protagonist i boka, som forkjempar for den nasjonale sjølvråderetten. Teksta er full av eksempel på at Lenin viste omtanke for den ukrainske nasjonen og frykta at arven frå storrussisk sjåvinisme ville bli vidareført i det sovjetiske statsapparatet. Det er grunn til å tru at Lenin i prinsippet var for nasjonal sjølvrådett, og han var ein sterk kritikar av storrussisk sjåvinisme og kolonialisme. For oss som kan studere og reflektere over dette i ro og mak meir enn 100 år etter at Lenin døydde, blir det likevel rart at Lenin står så sentralt i argumentasjonen for Ukrainas rett til å utvikle seg som ein sjølvstendig nasjon. Lenin stod i spissen for bolsjevikane fram til 1923, og hadde full kontroll fram til mai 1922. På dei seks åra frå 1917 til 1923 vart det godt dokumentert at for Lenin var den nasjonale sjølvråderetten i praksis underordna målet om maktmonopol for bolsjevikpartiet i ein størst mogleg del av det tidlegare russiske imperiet. For å nå dette målet brukte bolsjevikane militærmakt mot fleire nasjonar.

Bakgrunnen var at bolsjevikane hadde starta eit eventyrpolitisk prosjekt: Å opprette ein sosialistisk samfunnsformasjon i eit imperium som var dominert av førkapitalistiske produksjonsforhold og kultur. Bolsjevikane hadde ingen sjansar til å ‘innføre sosialismen’ i Russland verken på demokratisk eller diktatorisk vis, men dei kunne gripe og halde fast ved makta dersom dei var dyktige og brutale nok. Eit eksempel på at Lenin svikta den nasjonale sjølvråderetten, finn vi nettopp i Ukraina. Dzyuba nemner med respekt enkelte av dei ukrainarane som stod i spissen for arbeidet med å etablere eit sjølvstendig Ukraina i åra like etter 1917, men han diskuterer ikkje den maktpolitikken som bolsjevikane førte for å knuse kampen for det sjølvstendige Ukraina i desse åra. Likevel gir han indirekte eit godkjennings- stempel til denne maktpolitikken når han refererer ein ukrainsk bolsjevik som i 1923 sa at ‘Nasjonalitetsfaktoren … var bøndenes våpen som gjekk mot oss. Vi overvann han og fjerna han!’. I denne politiske forteljinga representerte tydelegvis ‘bøndene’ skadeleg nasjonalisme. I praksis siktar nok kommentaren ikkje minst til Det ukrainske sosialistrevolusjonære partiet (UPSR), som dominerte det ukrainske sentralrådet og hadde brei støtte, mens ‘vi’ var bolsjevikane som innførte forbod mot UPSR i 1921. Politikken til ‘nasjonalitetsfaktoren’ UPSR var krav om jordreform, demokratisk sosialisme og ukrainsk sjølvstyre.

Skreiv Dzyuba om Lenin som han gjorde fordi han meinte at Lenin hadde rett, eller brukte han Lenin av taktiske grunnar? Svaret er sannsynlegvis begge delar. Dzyuba meinte nok at Lenin hadde rett i sine vurderingar av det nasjonale spørsmålet. Desse vurderingane frå Lenin si side utvikla seg gradvis og vart særleg tydelege dei siste åra i Lenins liv. Lenins syn på dette feltet fekk likevel berre midlertidig effekt på den praktiske politikken i Sovjetunionen. Ein av dei mest konkrete effektane var den kortvarige ‘ukrainiseringsperioden’ på 1920-talet, da det skjedde positive endringar i politikken overfor Ukraina, før tilbakeslaget kom rundt år 1930. For Dzyuba var nok Lenins skrifter om Ukraina og det nasjonale spørsmålet først og fremst eit nyttig hjelpemiddel i kampen for den ukrainske nasjonen, i ein situasjon der Lenin framleis hadde ikon- status i den offisielle Sovjetretorikken på 1960-talet. Dzyuba skreiv så vidt eg veit aldri ein utførleg diskusjon av nasjonalisme-omgrepet. Likevel tyder hans aktivitetar både før og etter at Ukraina vart sjølvstendig i 1991, på at han såg positivt på ein demokratisk nasjonalisme.