Maidan, Krym-anneksjon, Donbas-krig og Minsk-avtalene: Dramatiske høgdepunkt i ukrainsk nasjonsbygging

Magne Kaldhusdal, April 2024

Starten på Maidan-protestane i Ukraina er tidfesta til 21. november 2013. Signeringa av Minsk II-avtala skjedde den 12. februar 2015. Dei dramatiske hendingane i denne knapt 15 månader lange perioden i ukrainsk historie må vurderast i lys av både tiåra i forkant og det som skjedde i ettertid.

Overgangen frå sovjetisk til post-sovjetisk Ukraina

Ukraina var ein del av Sovjetunionen fram til 1991. Den siste fasen av Sovjetunionen var prega av alvorlege økonomiske og politiske problem. Gorbatsjovs lanserte ein ny politikk, med forsiktig demokratisering (glasnost) og omstrukturering av næringslivet (perestrojka). Eit kuppforsøk mot Gorbatsjov i 1991 var utløysande årsak til at Sovjetunionen gjekk i oppløysing, at Ukraina vart sjølvstendig, og at det sovjetiske kommunistpartiet (SUKP) vart forbode. Det forbodne kommunistpartiet vart same år erstatta ved at tidlegare medlemmer av kommunistpartiet danna det Ukrainske sosialistpartiet (USP), som hadde stor oppslutning fram til 2007. I 1993 vart Ukrainas kommunistparti (UKP) danna. UKP var partiet med størst veljaroppslutning av alle fram til og med 1998. Dette var år med alvorleg økonomisk krise i Ukraina. Det forbodne SUKP hadde eit organisatorisk nettverk som også omfatta grasrota, og dette var truleg mye av grunnlaget for den store oppslutninga om dei legale etterfølgjarane UKP og USP. Rundt år 2010 var begge desse partia i ferd med å miste vesentleg oppslutning og politisk betydning. UKP har frå og med 2010 ei kulturkonservativ og Russland-orientert plattform, i tråd med politikken til det russiske kommunistpartiet, og også i tråd med Putins kulturkonservative nyorientering. UKP er medlem i ein Moskva-basert fellesorganisasjon for alle kommunistpartia i den tidlegare Sovjetunionen. Leiaren i UKP, Petro Symonenko, har uttalt støtte til den fullskala russiske invasjonen i 2022. USP og UKP utvikla seg altså frå parti med masseoppslutning på 1990-talet til splittande, identitetspolitiske parti som blir oppfatta som eksponentar for russisk hegemonisme etter 2010.

Det vart klart for den politiske eliten i Ukraina at store endringar var på gang på slutten av 1980-talet. Heile eliten var medlemmer i den ukrainske avdelinga av SUKP. Store delar av denne eliten sympatiserte med reformene til Gorbatsjov, men dei innsåg også at det var lite sannsynleg at han ville lykkast med å oppretthalde Sovjetunionen. Sentrale figurar begynte derfor å arbeide for ukrainsk sjølvstende og braut med kommunistpartiet, og det var i praksis denne eliten som stod i spissen for den ukrainske nasjonsbygginga fram til 2014. Sjølv om den politiske eliten hadde ukrainsk sjølvstende som felles mål, vart dei tidleg kløyvde i syn med tanke på forholdet til Russland. Noen orienterte seg mot Russland, andre mot EU. Noen prøvde seg på begge delar. Det siste vart stadig vanskelegare etter kvart som Putin arbeidde stadig meir målretta for russisk hegemoni over Ukraina.

Eit sentralt trekk ved Russland, Ukraina og andre post-sovjetiske land er framveksten av næringslivsfolk som skaffa seg enorm makt og rikdom, såkalla oligarkar. Dei post-sovjetiske oligarkane organiserer maktpyramidar som består av nettverk mellom overordna og underordna (patronar og klientar) på mange nivå i samfunnet. I land som Russland og Ukraina hadde desse uformelle pyramidane så stor makt på 1990-talet at det kanskje er grunnlag for å snakke om eit post-sovjetisk oligarki. Dette systemet har fellestrekk med det såkalla nomenklatur-systemet, som var eit grunnleggande element i den sosio-politiske orden i Sovjetunionen. Det er likevel viktige forskjellar mellom oligarkane og nomenklaturaen. Maktpyramiden i sovjetstaten var byråkratisk, knytt til dei formelle samfunnsinstitusjonane, og gav eitt enkelt maktsentrum (SUKP) kontroll over staten. Post-sovjetisk oligarki er derimot eit system med fleire uavhengige maktpyramidar som utfordrar den sentrale statsmakta. Akkurat som den politiske eliten i Ukraina, var også dei ukrainske oligarkane splitta i syn med tanke på forholdet til Russland. Dei første åra etter 1991 var ukrainsk økonomi svært avhengig av handel med Russland, noe som prega synet til mange oligarkar.

På slutten av 1980-talet begynte også politiske krefter utan noen tilknyting til det sovjetiske kommunistpartiet å røre på seg. Dei viktigaste var krefter som jobba for demokratiske rettar og ukrainsk sjølvstende. Før 1991 var organisasjonen Narodnyi Rukh (Folkebevegelsen) det sentrale organisatoriske uttrykket for denne retninga. Denne retninga var relativt svak og organisatorisk splitta i starten, men fekk gradvis større betydning for den ukrainske nasjonsbygginga. To sentrale milepælar i denne prosessen er Oransjerevolusjonen i 2004/2005 og Maidan-opprøret i 2013/2014.

Det fanst også sterkt høgreorienterte og etnonasjonalistiske krefter utan historiske band til SUKP. Organisasjonen Ukrainske Patriotar vart grunnlagt i 1999, og gjekk inn i den nystifta ‘Høgre Sektor’ i 2013. Denne retninga står for ein splittande identitetspolitikk, basert blant anna på glorifisering av organisasjonen OUN (Organisasjonen for Ukrainske Nasjonalistar) sin aktivitet før, under og etter andre verdskrigen. Folk frå denne retninga deltok i Donbas-krigen, og har fått mye omtale både i Russland og i vestlege media, men har fått minimal veljaroppslutning.

To grunnleggande motsetningar i post-sovjetisk Ukraina

I første fase av ukrainsk nasjonsbygging etter 1991 stod klassekampen i sentrum. Ukrainsk økonomi var i ei akutt krise, arbeidsfolk fekk kraftig forverra levekår, og den politiske eliten var i stor grad i lomma på oligarkane. I kampen mellom folket og eliten klarte USP og UKP å mobilisere mange veljarar. Seinare mista desse partia oppslutning, men kampen til fagrørsla mot korrupsjon og store sosiale forskjellar held fram.

Den andre grunnleggande motsetninga vart gradvis viktigare etter år 2000. Striden står mellom russisk hegemonisme og kampen for nasjonalt sjølvstyre. Putin styrka si stilling i Russland på tidleg 2000-tal, blant anna ved å tvinge til seg kontroll over dei russiske oligarkane i perioden 2002-2004. Etter at det nasjonale opprøret i Tsjetsjenia var knust militært, kunne han rette blikket mot blant anna Ukraina. Putins favoritt som ukrainsk president-kandidat, Janukovitsj, vann valget i 2010. Janukovitsj hevda i valgkampen at har var ein ivrig tilhengar av ei ukrainsk samarbeidsavtale med EU. På den måten sikra han seg ein knapp seier. Men da det var tid for å signere denne avtala i 2013, snudde Janukovitsj 180 grader, og skreiv under ei avtale med Russland om økonomisk støtte til Ukraina. Det var dette som utløyste Maidan-opprøret.

Maidan

Dei tre månader lange demonstrasjonane i Kyiv og andre delar av Ukraina var først og fremst ein kamp for nasjonalt sjølvstende og ein protest mot russisk hegemonisme. Dei fleste såg nok samarbeidsavtala med EU som eit viktig tiltak for å nå desse måla. Dette siste kan synest litt rart for oss som assosierer EU med udemokratisk byråkrati og undergraving av nasjonalt sjølvstende. Men Ukraina og Norge har svært ulike utgangspunkt, både med tanke på demokrati og nasjonalt sjølvstende. Ukraina brukar nå noen tiår på å gå gjennom ein nasjonaldemokratisk revolusjon av liknande type som den Norge gjekk gjennom i perioden 1814-1913.

Maidan-demonstrasjonane retta seg også mot politisk korrupsjon, fengsling av opposisjonelle, store sosiale forskjellar og politivald. Det er hevda at omtrent 800 000 deltok aktivt i protestane, 500 000 av desse i Kyiv. Deltakarane kan grovt delast i tre; (a) det liberale sentrum (dei aller fleste), (b) høgreorienterte nasjonalistar (dei best organiserte, for eksempel Høgre Sektor), og (c) Venstreorienterte aktivistar (sosialistar, anarkistar, feministar).

Janukovitsj sine skarpskyttarar

Den massive og vedvarande oppslutninga om protestane tvinga etter kvart president Janukovitsj over på defensiven. Han innsåg nederlaget, og rømte til Moskva den 21. februar 2014. Dagen etter vart han formelt avsett av det ukrainske parlamentet. Alle representantane i parlamentet (73 % av representantane deltok) stemte for avsetting av presidenten. Seinare same år vart det gjennomført eit presidentval med internasjonale observatørar. Dette valet vart også akseptert av Russland, sjølv om dei hadde kritisert sider ved valet og hadde karakterisert Maidan-protestane som eit kupp. Valet kunne ikkje omfatte Krym, som var okkupert og annektert av Russland. Opprørarane i Donbas hindra også gjennomføring av valet i delar av Donbas, slik at omtrent 10 % av dei ukrainske veljarane vart forhindra frå å delta.

Kva var dei viktigaste resultata av Maidan-protestane? Maidan representerer eit vendepunkt i styrkeforholdet mellom dei to nasjonsbyggande elitane i Ukraina. Fram til 2014 var ukrainsk nasjonsbygging dominert av ein politisk elite med ei forhistorie i det sovjetiske nomenklatur-systemet. Etter Maidan blir ukrainsk politikk i stor grad dominert av politikarar utan ei slik forhistorie.

Maidan starta også ein prosess med svekking av det ukrainske oligarkiet, ved at statlege antikorrupsjons-organ vart danna. Maidan hindra ikkje at ein oligark vart vald til ny president i mai 2014, men mye tyder på at oligarkane er på veg ut etter valget av Zelenskij som president i 2019 (blant anna anti-oligark-lov i 2021 og statleg oligark-register i 2022). Det politiske arbeidet for å avskaffe oligarkane ser ikkje ut til å bli stoppa av den russiske fullskala-invasjonen i 2022, sjølv om invasjonen i første omgang førte til ei nedprioritering.

Maidan la også grunnlaget for styrking av den politiske venstresida utan band til etterfølgjarane av SUKP. Den nye venstresida formulerte erklæringa ‘Dei Ti Punkta’ under Maidan-opprøret. Forsamlinga for Sosial Revolusjon vart etablert i 2014, og Sotsialnyi Rukh vart stifta 1. mai 2015 .

Det mest akutte resultatet av Maidan var at Russland endra strategi i sitt strev for hegemoni over Ukraina. Putin innsåg at det ikkje nytta å spela på korrupte ukrainske politikarar; det var nødvendig med militær maktbruk.

Invasjon og anneksjon av Krym

Invasjonen starta 27. februar 2014, seks dagar etter at Janukovitsj rømde til Moskva. Russiske spesialstyrkar utan militære kjenneteikn omringa ukrainske militær-leirar, stengde grensene mellom Krym og resten av Ukraina, okkuperte parlamentet på Krym, okkuperte regjeringsbygningane og sette inn ei pro-russisk regjering.

Russiske soldater utafor parlamentet på Krym, 1. mars 2014. Foto: Amnesty

Den russisk-installerte Krym-regjeringa avvikla ei folkeavstemming om Kryms forhold til Ukraina og Russland 17 dagar etter invasjonen, under russisk okkupasjon. Den same regjeringa bad om innlemming i Russland 17. mars, og Russland annekterte Krym tre veker etter starten på invasjonen.

Korleis reagerte dei stormaktene som tidlegare hadde garantert for den territoriale integriteten til Ukraina, gjennom Budapest-memorandumet (Russland, USA og Storbritannia) eller i bilaterale avtaler med Ukraina (Kina og Frankrike)? Russland nekta å møte dei andre underskrivarane den 5. mars 2014, og Putin sa at Budapest-memorandumet er ugyldig fordi regjeringsskiftet i Ukraina gjorde Ukraina til ein ny stat. USA, Storbritannia og Frankrike fordømte invasjonen verbalt, utover det nøydde dei seg med å sette i verk svært avgrensa økonomiske sanksjonar utan vesentleg effekt mot Russland. Kina var ikkje eingong villig til å fordømme invasjonen, og stemte blankt i Sikkerheitsrådet.

Demografisk utvikling på Krym 1795-2014. Data frå Wikipedia

Ein kan ikkje forstå Krym-spørsmålet utan kjennskap til historia. Demografien er illustrerande i så måte. Russland annekterte Krym for første gong i 1783, etter mange krigar mot Det ottomanske imperiet og Krym-khanatet. Vi ser at 12 år etter anneksjonen er nærmare 90 % av befolkninga framleis tatarsk. Tatarane hadde da dominert befolkninga i over 300 år. Vi ser også eit dramatisk fall i andel tatarar fram til 1989. Fallet fram til 1939 skriv seg frå russisk og ukrainsk immigrasjon knytt til den russiske koloniseringa av halvøya. Fallet etter 1939 skriv seg frå ei meir dramatisk og akutt hending: Massedeportasjon av alle tatarane i mai 1944. I dag ville dette bli omtalt som etnisk reinsing, og kanskje også som folkemord. I perioden mellom 1989 og 2014 ser vi at den russiske andelen er nokså konstant, mens andelen tatarar aukar og andelen ukrainarar minkar. Bakgrunnen for desse tala er at Det øvste Sovjet gjorde vedtak i 1989 om at tatarane hadde rett til å vende tilbake til Krym. Dette skjedde i stor grad, i eit Krym som var ein autonom del av den ukrainske einheitsstaten. Det er ingenting i desse tala som tyder på at Ukraina førte ein politikk som stimulerte til utflytting av russarar i denne perioden.

Kva har skjedd i dei ti åra etter anneksjonen? Andelen tatarar er redusert, sannsynlegvis på grunn av folkerettsstridig innvandring av russarar til Krym. Nesten all undervisning i ukrainsk språk er fjerna. Forfølging har fjerna all aktivitet til den ukrainske ortodokse kyrkja. Eit tidlegare allsidig og uavhengig mediebilde er borte. Ukrainske bøker er fjerna frå biblioteka. Dei demokratiske rettane er sterkt avgrensa. Det høgaste utøvande organet til Krym-tartarane vart forbode i 2016.

Donbas-krigen

Donbas (dei ukrainske fylka Donetsk og Luhansk) kom under russisk kontroll i ein tidleg fase etter at dei ukrainske kosakkane søkte hjelp frå Russland mot Polen i 1654. Omfattande russisk immigrasjon vart det nok likevel ikkje før industrialiseringa på seint 1800- og tidleg 1900-tal. På landsbygda var ukrainsk språk framleis dominerande blant dei som voks opp på begynnelsen av 1900-talet. Da den ukrainske sosialisten Hanna Perekhoda besøkte Norge i februar 2024, kunne ho fortelja at hennar oldemor snakka ukrainsk, men at neste generasjon slo over til russisk i samband med at dei flytta inn til byen Donetsk.

Donbas var ein relativt velståande region i Ukraina etter andre verdskrig, men vart råka av ei akutt økonomisk krise og kraftig forverra levekår på 1990-talet. Organisert separatisme var likevel ukjent på 1990-talet, men i 2005 vart det danna ein separatistisk organisasjon med namnet ‘Donetsk-republikken’. UKP skal ha samarbeidd med denne organisasjonen, som grunnla ‘Folkerepublikken Donetsk’ i 2014. I oktober 2014 vart Kommunistpartiet i Donetsk Folkerepublikk (KPDNR) grunnlagt, med tidlegare leiar av den regionale avdelinga av UKP (Boris Litvinov) som leiar av det nye partiet. Frå 2022 er dette partiet ei avdeling av Kommunistpartiet i Den russiske føderasjonen.

Da separatismen begynte å røre på seg for alvor våren 2014, som respons på Maidan-demonstrasjonane, avgangen til Janukovitsj og Russlands anneksjon av Krym, vart det gjort ei omfattande meiningsmåling i heile Ukraina, med spesifikke data frå ‘vestlege’ Ukraina, ‘austlege’ Ukraina (omtalt som område langs Svartehavet og grensa mot Russland) og Krym. Denne meiningsmålinga viser klare regionale forskjellar i syn på lausriving av delar av Ukraina. I ‘vestlege’ Ukraina var 4 % positive til lausriving, i ‘austlege’ delar var 18 % positive, og på okkupert Krym var 54 % positive. Blant russisk-talande innbyggarar i ‘austlege’ Ukraina var 27 % positive til at delar av Ukraina kan rive seg laus frå landet. Ei annan meiningsmåling frå mars 2014 viste at eit fleirtal både i vestlege (98 %), sentrale (96 %), sørlege (67 %) og austlege (61 %) del av Ukraina var negative til at Russland skulle sende sin hær ‘for å verne interessene til russisk-talande innbyggarar’ i landet. Omvendt var andel innbyggarar som i ulik grad var positive til dette, 1 % i vestlege, 2 % i sentrale, 27 % i sørlege og 24 % i austlege del av Ukraina.

Eg har ikkje sett tilsvarande meiningsmålingar frå 1990-talet, men det er grunn til å tru at den nasjonale identiteten til mange endra seg raskt i 2014. På denne tida skjedde dramatiske ting i Donetsk og andre byar, og dei første militære kampane hadde begynt. Det er hevda at ønske om stabilitet og tryggheit i dramatiske tider kan føre til brå endringar i nasjonal identitet. Det er ikkje usannsynleg at både Maidan-protestane, dei dramatiske gatekampane, okkupasjonane av offentlege bygningar og dei første militære kampane i Donbas bidrog til ei identitetsendring hos etniske russarar i Donbas. Eg har ikkje tal på andel etniske russarar i Donbas i 2014, men ifølgje ei folketeljing frå 2001 var knapt 60 % ukrainarar og knapt 40 % russarar (omtrent 70 % hadde russisk som første-språk). I perioden frå 2014 til tida rett før fullskala-invasjonen flykta omtrent 46 % av innbyggarane frå Donbas. Både ukrainarar og russarar flykta frå krigen, men truleg ei overvekt av ukrainarar og tilhengarar av ukrainsk sjølvstende. Saman med innflytting av russarar frå Russland etter 2014, tyder dette på at andelen ukrainarar i dagens Donbas er redusert. Ei meiningsmåling om lausriving av Donbas blant dagens innbyggarar i okkupert Donbas ville sannsynlegvis gi stor oppslutning om Donbas som ein del av den russiske føderasjonen. Meiningsmålingar frå krigssoner må tolkast forsiktig og vurderast i lys av frivillig og påtvinga migrasjon.

Igor Girkin

Dei pro-separatistiske anti-Maidan-protestane starta i Donetsk i mars 2014. Det utvikla seg til gatekampar mellom pro-ukrainske og pro-separatistiske demonstrantar. ‘Folkerepublikkane’ Donetsk og Luhansk vart erklærte 7. april 2014. Starten på krigen i Donbas blir tidfesta til 12. april 2014, da ei gruppe leia av russisk borgar og tidlegare FSB-offiser Igor Girkin tok kontroll over byen Sloviansk. Dei pro-separatistiske demonstrantane vann gatekampane i Donetsk i løpet av april 2014.

Etter at ukrainske styrkar fekk stor grad av kontroll sommaren 2014, vart innsatsen frå russisk side auka. I august gjekk pansra kjøretøy og tanks merka med kvite sirklar eller triangel inn i Donbas, og russiske soldatar utan kjenneteikn vart tatt til fange av det ukrainske forsvaret. Krigen vart meir omfattande.

Minsk-avtalene

Den europeiske organisasjonen for Sikkerheit og Samarbeid (engelsk forkorting OSCE, norsk forkorting OSSE) er ein del av den såkalla Trilaterale kontaktgruppa for Ukraina, saman med Ukraina og Russland. Saman med representantar for Tyskland og Frankrike starta den Trilaterale kontaktgruppa forhandlingar som resulterte i Minsk-protokollen (Minsk 1) den 5. september 2014.

Hovudpunkt i protokollen var som følgjer:

  • Våpenkvile som OSSE skal overvake
  • OSSE skal overvake den ukrainsk-russiske grensa
  • Det skal opprettast sikkerheitssoner langs den ukrainsk-russiske grensa
  • Det skal organiserast lokalvalg, desentralisering av makt til Donbas, og framhald av den nasjonale dialogen
  • Alle ulovlege væpna grupper og leigesoldatar skal trekkast ut frå ukrainsk territorium

Protokollen vart signert av Russlands ambassadør til Ukraina, Mikhail Zurabov, tidlegare ukrainsk president Leonid Kutsjma, dei to leiarane for dei sjølverklærte ‘folkerepublikkane’ i Donetsk og Luhansk, og OSSE-representanten Heidi Tagliavini.

Kva skjedde så etter signeringa? I første omgang var det ein forbigåande reduksjon i kamphandlingar. ‘Folkerepublikkane’ organiserte i november 2014 valg som var arrangerte på ein måte som ifølgje OSSE var i strid med protokollen (sannsynlegvis utan internasjonale observatørar, blant anna). Russland på si side, hevda at avviklinga av valga var i orden. OSSE fekk aldri gjennomført skikkeleg overvaking av grensa mellom Ukraina og Russland. Den russiske utanriksministeren Lavrov hevda at vilkåra for slik overvaking ikkje var oppfylte. Krigen heldt fram til Ukraina mista kontrollen over den internasjonale flyplassen i Donetsk i januar 2015. Ifølgje den ukrainske presidenten hadde Russland da over 9000 soldatar og 500 tanks, artilleri-einingar og pansra personell-kjøretøy i Donbas. Det var nå heilt klart at våpenkvila hadde brote saman.

Samtaler i Normandie-format (ei kontaktgruppe på regjeringssjef- og utanriksministernivå) i Minsk (februar 2015): Angela Merkel, Francois Hollande, Petro Poroshenko og Vladimir Putin .

Nye forhandlingar vart starta i Minsk, etter at Frankrike og Tyskland hadde avvist eit amerikansk forslag om å sende våpenhjelp til Ukraina. Frankrike og Tyskland meinte at slik våpenhjelp berre ville forverre situasjonen.

Minsk II vart signert 12. februar 2015, med dei same underskrivarane som den 5/9-2014. Hovudpunkta i avtala var som følgjer:

  • Våpenkvile og etablering av sikkerheitssoner på 50-70 km for tyngre våpen
  • Lokalvalg i samsvar med ukrainsk lov så fort som råd
  • Endring av ukrainsk grunnlov, til spesialstatus for Donetsk og Luhansk innan utgangen av 2015
  • Full ukrainsk kontroll med grensa mot Russland innan utgangen av 2015
  • Alle utanlandske styrkar og utstyr ut frå ukrainsk territorium, under overvaking av OSSE
  • Avvæpning av alle illegale grupper
  • Etablere arbeidsgrupper med representantar for Ukraina, Russland og OSSE

Kva skjedde så etter signeringa av Minsk II? Etter mye om og men trekte styrkane på begge sider seg tilbake den 24.-25. februar 2015. Den 17. mars vedtok det ukrainske parlamentet ei lov om spesialstatus for Donbas. Dette var lovande takter, men det som var mindre lovande, var den russiske regjeringstalsmannen Dmitry Peskovs erklæring så tidleg som 13/2-15, altså dagen etter signeringa av avtala: ‘Russland kan ikkje delta i gjennomføringa av Minsk II, fordi Russland ikkje er ein del av konflikten’. Og allereie den 10. juni 2015 erklærte separatistane at dei ønskte at Donbas skulle bli ein del av Russland. Den 25. mars 2016 gav leiaren for OSSE si observatørgruppe i Ukraina, Alexander Hug, følgjande oppsummering:

  • OSSE hadde observert russiske soldatar i Donbas frå starten av konflikten
  • OSSE hadde snakka med krigsfangar som sa at dei var russiske soldatar
  • OSSE hadde observert hjulspor etter kjøretøy som kryssa den russisk-ukrainske grensa

Den 27. mars 2016 kom Maria Zakharova, representant for det russiske utanriksdepartementet, med følgjande erklæring: ‘Russland er ikkje ein part i Minsk-avtalene’. Fire år seinare, i juli 2020, trekker Ukraina sin representant frå kontaktgruppa for Minsk-avtalene. Den 11. oktober 2021 skriv ekspresident i Den russiske føderasjonen, Dmitrij Medvedev, i ein artikkel at ‘Russland bør ikkje forhandle med vasall-Ukraina’. I januar 2022 sa Oleksiy Danilov, sekretær i Ukrainas Nasjonale sikkerheits- og forsvarsråd, at ‘Når Minsk-avtalene vart signerte under russiske geværløp – og Tyskland og Frankrike såg på – var det alt den gongen klart …at det er uråd å gjennomføre desse dokumenta’. OSSE sitt spesielle overvakingsoppdrag i Ukraina (SMM) vart avslutta den 31. mars 2022.

Folkeretten og det nasjonale spørsmålet i Ukraina-krigen

Tre omgrep i Folkeretten er ‘Statleg suverenitet’, ‘Nasjonal sjølvråderett’ og ‘Rett til avkolonialisering’. Dette triangelet av omgrep kan vera til nytte når ein skal diskutere prinsipielle sider ved Ukraina-krigen.

Den statlege suverenitet skal blant anna sikre statane mot militære angrep frå andre statar, og sikre den territoriale integriteten. Den nasjonale sjølvråderetten er uproblematisk for ein stat utan nasjonale minoritetar. Men slike statar finst knapt i den reelle verda. Den nasjonale sjølvråderetten representerer derfor ei prinsipiell utfordring for dei fleste statar. Denne utfordringa kan møtast med ulike typar politikk. Det beste er ein politikk som støttar opp under ein nasjonal identitet som ikkje bygger på etnisitet, men sikrar demokrati og likeverdig behandling for alle nasjonalitetar og folkeslag. Prinsippet om nasjonal sjølvråderett kan ikkje lausrivast fullstendig frå politikken kvart enkelt land fører.

Ukraina har mange nasjonale minoritetar. Den russiske er den avgjort største. Den historiske årsaka er Russlands langvarige kolonisering av ukrainsk territorium. Ukraina har altså ein stor nasjonal minoritet med same etnisitet som majoriteten i eit naboland, som er ei stormakt med eit regime som ser på Ukraina som ein rettmessig del av Russland. Har den russiske minoriteten i Ukraina krav på lausriving frå Ukraina? Så vidt eg veit, har ikkje Den internasjonale straffedomstolen uttalt seg spesifikt om dette eller heilt parallelle saker. FNs generalforsamling har fordømt den russiske anneksjonen av Krym, med utgangspunkt i omgrepet statleg suverenitet.

Finst det noen parallellar vi kan samanlikne med? Ein nærliggande parallell er Moldovas situasjon. Her har ein del av landet med russisk majoritet erklært seg uavhengig under eit Moskva-orientert styre, og russiske soldatar er stasjonerte i denne delen av Moldova. Moldova har bedd Russland om å trekke styrkane sine ut, men Russland har nekta å innfri dette. Ettersom Moldova ikkje er medlem i Nato (og heller ikkje vil bli det så lenge Russland har styrkar i landet), så kan dette landet fort bli ein aktuell kandidat for vidare russisk ekspansjon dersom krigen i Ukraina lykkast for Russland. Ein historisk parallell er Nazi-Tysklands krav på delar av Tsjekkoslovakia med høg andel tyskarar i befolkninga, det såkalla Sudetenland. Sudetenland er dessutan eit eksempel på at europeiske stormakter kan vera nokså ettergjevande overfor andre stormakter, dersom dei trur at dette kan bidra til framtidig fred.

Min konklusjon så langt blir at spørsmålet om retten til lausriving må vurderast konkret i kvart enkelt tilfelle. Blir den nasjonale minoriteten undertrykt eller behandla på likefot med majoriteten? Har eventuell forskjellsbehandling ført til krav om lausriving frå den aktuelle minoriteten? Kor alvorlege er eventuelle tilfelle av diskriminering av minoriteten? Finst det ei stormakt som brukar minoriteten som eit reiskap i eigen interesse? I tilfellet Ukraina veit vi at Russland har blanda seg aktivt inn i ukrainsk politikk, inkludert militær støtte til separatisme og direkte militær invasjon med okkupasjon av delar av landet. Den ukrainske regjeringa har utan tvil gjort feil i sin politikk overfor den russiske minoriteten, men desse synest ikkje grove nok til å kvalifisere for ei overkjøring av prinsippet om statleg suverenitet for Ukraina. Når det gjeld Krym spesifikt, så veit vi at Russland (som Sovjetunionen) har utøvd etnisk reinsing av ein minoritet (som i utgangspunktet var ein majoritet) på denne halvøya, noe som må karakteriserast som undertrykking av aller verste sort.

Har Retten til avkolonialisering noen relevans for Ukraina? Denne retten har primært vore tenkt brukt på koloniar under vesteuropeiske land, men bør i prinsippet gjelde for alle territorium, nasjonar og folkeslag som har blitt koloniserte av andre stormakter. Retten til dekolonialisering har vore vurdert i eitt slikt tilfelle, der den koloniserande staten er relativt liten: I Kosovo-spørsmålet har Den internasjonale straffedomstolen vurdert Kosovo-albanarane sin Nasjonale sjølvråderett og Rett til avkolonialisering opp mot Serbias rett til Statleg suverenitet. I dette spørsmålet konkluderte strafferettsdomstolen med at Kosovo hadde rett til lausriving frå Serbia. Denne konklusjonen står i kontrast til resultatet av Tsjetsjenias kamp for nasjonalt sjølvstyre. Det er nærliggande å tenke at størrelsen og styrken på kolonimakta (Serbia respektive Russland) har vesentleg betydning for desse ulike utfalla.

Sjølv om Ukraina formelt sett var ein likestilt republikk med Russland i Sovjetunionen, var ukrainarane i realiteten utsett for nesten samanhengande russifisering og kolonisering frå omtrent år 1700 til 1991. Tsjetsjenia er ein formelt sett likestilt republikk i den Russiske føderasjonen, men har komme langt kortare enn Ukraina i sin kamp for nasjonal sjølvråderett. Når ein samanliknar Tsjetsjenia og Ukraina, er det også nærliggande å tenke at størrelse og styrke har hatt betydning for at den eine vart sjølvstendig og den andre framleis er underordna. I dette tilfelle var det størrelse og styrke på den koloniserte nasjonen som hadde betydning.

Samandrag

Ukraina vart sjølvstendig i 1991. Tida etter har vore prega av klassekamp og nasjonsbygging. I klassekampen på 1990-talet hadde etterfølgjarane etter det sovjetiske kommunistpartiet masseoppslutning, noe dei mista når spørsmålet om nasjonsbygging skjerpa seg på 2000-talet. Etter kvart som Putin festa grepet i Russland, styrka Russland sitt press for hegemoni over Ukraina. Dei ukrainske nasjonsbyggarane fram til 2014 var dominert av tidlegare medlemmer av den sovjetiske eliten, medlemmer som braut med kommunistpartiet og arbeidde for ukrainsk sjølvstende, men var splitta i synet på forholdet til Russland. Den nasjonsbyggande eliten med røter i Sovjetunionen vart i aukande grad utfordra av nye politiske retningar i tida fram mot 2013. Etter Maidan-opprøret vart nasjonsbygginga leidde av desse nye kreftene, noe som førte til at Russland endra strategi og gjekk over til krigføring som metode for å oppnå hegemoni. Dei nye nasjonsbyggarane var splitta i ulike retningar, men dominerte av det som ofte blir omtalt som eit liberalt politisk sentrum. Maidan var ein utløysande faktor for Russlands invasjon og anneksjon av Krym, og for eit separatist-leidd opprør med militær støtte frå Russland i Donbas. Tyskland og Frankrike arbeidde aktivt for fredsforhandlingar i krigen i Donbas. Avtaler vart signerte av Russland, Ukraina, dei to ‘folkerepublikkane’ i Donbas og Organisasjonen for Sikkerheit og Samarbeid i Europa (OSSE). Sjølv om Russland signerte avtalene, gav dei klart uttrykk for at dei ikkje hadde noe ansvar for at avtalene vart gjennomførte, samtidig som stadig større russiske styrkar involverte seg i krigen. OSSE avslutta sitt arbeid med gjennomføring av avtalene den 31. mars 2022. Ukraina-krigen reiser mange spørsmål knytte til omgrepa Statleg suverenitet, Nasjonal sjølvråderett og Rett til avkolonialisering. Mye er ugjort på dette feltet innan den marxistiske delen av arbeidarrørsla.